Generalsponsor
Poeng på overtid



Det var frisparket sitt, det!


Seriekamp 16.05.08.
Lærdal stadion - kunstgras

Lærdal – Årdal FK 2: 2 - 2 (2 - 1 )
Dommar: Kjell Alme, Sandane (svært god)

Årdal FK nytta desse spelarane:
Preben Gilleshammer (Stian Karlsen frå 63. min.), Sverre Heggheim, Kjetil Karlsen, Gunnar Heggheim (Mats Sandnes frå 71. min.), Julian Brons, Gøran Moheim, Johnny Aspesæter (Mats Andre Jevnaker frå 46. min.), Stian Øy (Andreas Hestetun frå 46. min.), Daniel Eide, Brede Stedje Ylvisåker, Alin Mandolin (Truls Sylvarnes frå 70. min.)

Mål:
01. min. : 1 - 0 Ole Johnny Cirotski Voll (Knut Egil Blåflat)
27. min. : 1 - 1 Sjølvmål (Brede Stedje Ylvisåker)
39. min. : 2 - 1 Knut Egil Blåflat (Sindre Rode Rio)
93. min. : 2 - 2 Kjetil Karlsen

Gule kort: Stian Øy.

Frisk førsteomgang
Lærdal opna kampen som dei slutta den siste treningskampen mot oss, nemleg med at Knut Egil Blåflat etter eit minutt gjekk forbi halve laget vårt og serverte ballen til Ole Johnny Cirotski Voll, som enkelt sette ballen vidare i nettet.
Dette kallast forferdeleg dårleg forsvarsspel på fagspråket, sjølv om ein absolutt ikkje skal stikka under ein stol at Knut Egil sin prestasjon var av klasse.

God Pirri.Etter dette vart kampen faktisk prega av eit bra press fra vår side, med nokre gode sjansar etter godt spel. Den fortente utlikninga kom etter 27 minuttar, då eit frispark laga krøll i Lærdalsforsvaret, og Brede sende ballen i ein av heimelaget sine spelarar og vidare inn bak ein sjanselaus Pirri.

Men Lærdal svara med godt og aggressivt spel, og dei tok leiinga på nytt etter 39 minuttar, då Knut Egil igjen synte bra spiss-takter.

Ein kjempepasning frå Sindre Rode Rio sende han aleine med Preben i buret, og der gjorde han ingen feil. Vår forklaring på dette baklegsmålet var svært enkel: Vi mista ballen heile seks gonger på rad på eigen banehalvdel før Lærdal takka og bukka og scora på tilbodet frå oss.

Fekk fri
Dette var stillinga til pause i ein heller jevn omgang prega av at mange spelarar låg nede for telling etter duellar. Kampen var imidlertid svært fair-spelt med to sporty lag, og den gode dommaren hadde alt under kontroll. Alle kom seg etter kvart heldigvis på føtene att, klare for andre omgangen.
Vel, nesten alle, for Stian ba tynt dommaren om å få litt tidlegare 17. mai-fri på tampen av omgangen, men den svartkledde meinte at den gode Utladølen burde halda fram med kampen.
For sikkerheit skuld tok lagleiaren vår hintet frå Stian i pausen, og skarpskyttaren fekk kvile fram til Dale-kampen.

Dårleg andreomgang, med innlagt sjukehusbesøk… og ei kjempescoring
Etter pause fekk vi sjå ein litt anna kamp, med mindre spel og mykje meir sparking.
Årdal FK putla seg framover til dei møtte på Øystein og dei andre i heimelaget sitt bastante forsvar, som igjen beina ballen så langt dei kunne framover.

Dette førte til svært lite sjansar framfor ein god Pirri i Lærdalsburet og svært lite sjansar framfor ein god Preben og god Stian i gjestene sitt bur.

Alin såg stjerner og høyrde vakker fuglesang etter denne puddingen, men måtte ytast av bana. Han er heldigvis ok og klar til ny kamp.Til sjukehus
Det mest dramatiske kom midtveges i omgangen då Alin, i eit uhell, støytte saman med ein av heimelaget sine spelarar i ein klassisk hovud-mot-hovud-duell.
Det gjekk heldigvis bra med den raudkledde, men Alin og leiar Geir Kjetil sette straks kursen mot sjukehuset med blinkande lys for å lappe saman det blødande såret.

Der fekk dei sjølvsagt valget mellom å reise vidare til Aurland eller Årdal for vidare handsaming, men etter ein flott inngripen i ein glødande mobiltelefon fortalde Lærdal sin lagleiar sjukehuset kva han meinte om saka, og dermed fekk dei faktisk komme innafor døra der.

Ikkje verst at dei kom inn, men dei fleste av oss er vel i den trua at det er slikt eit sjukehus er til for… Det gjekk etter kvart bra med Alin, og han er truleg klar til kampen mot Vik onsdag.

For det fåtallige publikum vart kampen no både kjedeleg og dårleg, og det einaste spenningsmomentet var om Lærdal skulle hale i land tre poeng, eller om vi skulle utlikne.
Det vart vi som faktisk jubla etter kampen, for Kjetil utlikna stadionuret synte tre minuttar på overtid. Dommaren dømde korrekt frispark utanfor sekstenmeteren til heimelaget, og Kjetil løfta ballen elegant over muren og inn i krysset, via tverrleggaren.

Klinkande klart
På nettsida til Lærdal vart målet beskreve som ”ei lompe”, men lat det vere klinkande krystallklart:  det må ha levert årets ”understatement”, for å seie det på godt utasjærs… Flott, Kjetil, Berbatov kunne ikkje ha gjort det betre!

Kjetil blir gratulert av både med- og motspelarar etter kjempeskotet som redda poeng.Kampen ebba såleis ut med uavgjort 2 - 2, noko som egentleg var heilt greitt kampen sett under eitt.
Men Lærdal var nærmast sigeren all den tid dei hadde full kontroll defensivt heilt fram til frisparket på slutten. Dei var difor skuffa då dommaren bles av, medan vi kunne sleppe jubelen laus.

Realitetane for begge laga var likevel at prestasjonen var heller dårleg, og at det bør gjerast noko i begge leirane før dei kommande kampar for at det skal bli fleire poeng.

Men, men… for vår del tek vi det i neste veke, og vi tykkjer at vi kunne koste på oss litt fortent 17. mai-feiring etter den flotte avslutninga.
Og det gjorde sikkert dei fleste som for inn att fjorden…

| Offisiell nettstad Årdal FK | Ansvarlig Redaktør: Sonja Hestetun |
| Design: Alf Inge Holsæter | Publiseringsverktøy: eWay |