|
|
|
|
Bryne tapte i Sandefjord
Skriv ut
Bryne er på ellevte plass etter eit nytt serietap.
Slik var kampen
Publisert 27.07.2008
sandefjord2
TILBAKE: Ole Martin Tunheim var tilbake i startellvaren mot Sandefjord. Her blir han klappa på skuldera av trenar Rolf Teigen. (Foto: Morten Olsen, Digitalsport)
1. DIV. FOTBALL MENN
15. SERIERUNDE

Sandefjord 1 (0)
Bryne 0 (0)

1-0 Kjartan Finnbogason (73)

Komplett.no arena, 20. juni
Dommar: Ole Kamben, Bamle IL. Flink til å bruka fordelsparagrafen, og let spillet gli, god kamp.

Tilsk: 3898

Sandefjord: (4-4-2)
Espen Bugge Pettersen, Olav Zanetti, Birger Madsen, Alexander Gabrielsen, Kari Arkivov - Erik Mjelde, Tommy Stenersen, Espen Nystuen, Samuel Isaksen - Malick Mane (Ebrima Sohna frå 81.), Kjartan Finnbogason (Eirik Markegård frå 85.).

Bryne (4-4-1-1): Roger Eskeland  - Carlos Johnson (Håvard Sakariassen frå 87.), Ronny Espedal, Chris Rodd , Ole Martin Tunheim, Ezekiel Bala (Vegar Landro frå 60.)
 - Christian Gauseth, Tommy Eide Møster - (Kai Ove Stokkeland frå 22.), Cato Hansen
 - Trygve Åse Lunde  - Allan Borgvardt

Ikkje nytta: Anders Kristiansen, Baldur Sigurdsson, Alexander Midtsian, Daniel Torres.

Bryne var farleg framme i fyrste omgang. I andre tok Sandefjord over kampen, og laga det avgjerande målet.

– Må ta vare på sjansane
Brynetrenar Rolf Teigen var litt skuffa, men ingen slagen mann etter tapet i Sandefjord.

– Alt i alt vann Sandefjord fortent i dag, seier Teigen.

– Det er periodar kor me blir litt for upresise i spelet vårt, men likevel tykkjer eg at vi har dei siste sjansane før pause, og me bør gå til kvila med 1-0-leiing.

Teigen hadde før kampen rekna med at det blei ein jamn kamp.

– Dessverre blir det slik at det laget som scorar fyrst vinn. I andre omgang slit me med å kome rundt på kantane. Dei kjem òg for lett inn i rommet bak.

Roger Eskeland understrekar at det er viktig å ta vare på sjansane når ein speler slike kampar.

– I fyrste omgang har me 2-3 100 prosent sjansar, det er slike me må ta vare på om me skal ta poeng. I andre omgang skapar me ikkje stort, men me står i mot. Sjølv om flicken til Sandefjord-spelaren var bra, skal me kunne demme opp for målet òg om berre markeringa er bra nok. Men når me ikkje tar vare på sjansane kan det ikkje bli poeng, seier Eskeland.

Ole Martin Tunheim spela i går sin fyrste kamp frå start på ei stund. Han sleit litt i fyrste, men spela seg opp i andre, dels hjelpt av at Sandefjord stokka om på angrepet.

– Det var godt å få ein kamp i beina igjen. Me datt litt bakpå etter kvila, kanskje fordi med er redde for at dei vil slå lange ballar. Det er alt i alt ikkje godt nok, me skal spele like godt som dei, avsluttar Ole Martin Tunheim.
 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Eksterne nyheter
Lesernes favoritt
20.11.2008 01:02
Les mer  www.notoddenfk.no
Trofé og 25 000 kroner
18.11.2008 23:16
Les mer  www.nrk.no
FKH åpner mot Stord
18.11.2008 21:03
Les mer  www.h-avis.no
Bryne FK spiller treningskamp onsdag 19/11
18.11.2008 18:03
Les mer  www.brynefk.no
Bryne FK 3. beste arrangørklubb sesongen 2008
18.11.2008 18:03
Les mer  www.brynefk.no
"Årets arrangør"
18.11.2008 17:06
Les mer  www.rbnett.no
Tippes på 7. plass
17.11.2008 16:40
Les mer  www.h-avis.no
Bryne - Ålgård 2 - 3
15.11.2008 23:01
Les mer  idrett.speaker.no
120 unge ryfylkinger på fotballskole
15.11.2008 14:11
Les mer  www.aftenbladet.no
Sponsorobjekter får spalteplass
15.11.2008 09:23
Les mer  www.aftenbladet.no
Ole Seldal ny daglig leder i Bryne FK
15.11.2008 08:23
Les mer  www.brynefk.no
Nye kretsmestre i Bryne FK
15.11.2008 08:23
Les mer  www.brynefk.no
Årets lag - Adeccoligaen
14.11.2008 21:09
Les mer  www.tipsgaming.com
Bergersen vurderer SIF
14.11.2008 17:56
Les mer  www.rogalandsavis.no
Med på "årets lag"
14.11.2008 17:53
Les mer  www.moss-avis.no