onsdag 19.11.08
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Er vi lei av bompengar?

Sei di meining på Nordhordland no

 
 

Bør Fedje-ubåten hevast?

Sei di meining på Nordhordland no

 
 
 
 
 
 
 

Send oss dine jaktbilde

HER

 
 

Send oss dine haustbilde

HER

 
 

Send oss dine fiskebilde

HER

 
 
Vêr
 
 
 i dagi morgen
Eivindvik   7.7°   3.0°
Manger   7.9°   2.9°
Knarvik   6.9°   1.4°
 
 
Svolten? Prøv nh-kjøkenet
 
 

Prøv nh gratis!

Ikkje abonnent, men ønskjer å prøva avisa gratis i ein månad? Bestill på e-post her

 
 
Foto Steinar Christensen MEIR Å JUBLA FOR: Hordabø-damene vann i helga kretsmeisterskapen i 4. divisjon for kvinner. Her jublar dei etter at opprykket vart sikra tidlegare i år. 

Hordabø kretsmeistrar

Bø-damene slo Rosendal.

Publisert  13.10.2008 - 12:19 Oppdatert 13.10.2008 - 14:15
Kampfakta:
  • KM-finale 4. divisjon, kvinner: Rosendal – Hordabø 3-4 (2-2)
  • Mål Hordabø: Ingrid Marøy, Helene Marøy, Christina Marøy og Sandra Marøy
 
 

Hordabø sitt damelag er kretsmeistrar i kvinnene sin 4. divisjon, etter at laget slo Rosendal 3-4 i helga.

- Det var jamt heile vegen, men eg synest det var ein fortent siger. Dei hadde ein lynrask spiss som skåra alle måla deira, elles var vi eigentleg best, seier Hordabø-trenar Frode Myking etter at laget hans sikra kretsmeisterskapen søndag.

Det var fire blad Marøy som sytte for Hordabø sine skåringar. Lagets toppskårar Helene Marøy teikna seg sjølvsagt på skåringslista, saman med Christina og Sandra som delar same etternamn som Helene.

Den avgjerande skåringa var det Ingrid Marøy som stod bak, berre nokre få minutt før full tid

Ingrid matchvinnar

- Ingrid har ikkje vore med så mykje i år, men ho har trena med oss den siste månaden, og ho har verkeleg imponert meg. Kjekt at ho vart matchvinnar, seier Myking til nh.

I tillegg til Ingrid Marøy, hadde Myking også tatt med tre jentespelarar til kampen mot Rosendal. Alle desse klarte seg godt på det sleipe underlaget i Sunnhordland.

Hordabø har all grunn til å vera nøgd med årets sesong. Laget kan sjå tilbake på ei 4. divisjonsavdeling der berre ein kamp enda med tap og ein med uavgjort.

12 sigrar sikra laget direkte opprykk til 3. divisjon, og i helga vart jubelsesongen altså krona med ein KM-tittel.

Kjempesesong

- Eg trur ikkje vi kunne gjort så mykje annleis, eigentleg. Uavgjortkampen spelar vi heile 2. omgang med berre ti spelarar, og tapet kjem etter at opprykket er sikra, i ein kamp der vi manglar seks spelarar frå startellevaren. Vi er godt nøgd, seier Myking til nh.

Kva som skjer i Hordabø-leiren neste år er enno ikkje avgjort. Myking fortel at han har veldig lyst å trena laget vidare, men at han også har andre omsyn han må ta.

- Det er ein veldig fin gjeng å ha med å gjera, men det er jo litt tidkrevjande, så ingenting er avgjort enno. Vi skal ha eit møte om eit par veker. Eg veit nok meir etter dette, seier han til nh.

Ingen gir seg

Så langt er det ingenting som tyder på at nokon kjem til å gi seg på opprykkslaget til Hordabø.

Myking kan fortelja at fleire av dei unge jentespelarane i klubben allereie bankar på døra til A-laget, og han håpar også på nokre comeback framfor neste sesong.

- Eg har ikkje fått signal om at nokon kjem til å slutta, og då har vi ein god stamme. Vi håpar også at ein del spelarar gjer comeback. Det er mange gode spelarar som har gitt seg dei siste åra, men som kanskje kan vera interessert i å byrja igjen no, seier Myking til nh.

 
 
 

Vil drøfta ubåtsaka med fedjingane

Fiskeriminister Helga Pedersen kjem til Fedje 3. desember.

Les heile saka

Oppdatert kl: 14:15

 
 

Folkemøte om ny høgspentlinje

BKK planlegg ny kraftleidning mellom Mongstad og Modalen. Les heile saka

Oppdatert kl: 12:38

 
 

Sjuke av inneklimaet på skulen

Rektor sjokkert over tablett-forbruket Les heile saka

Oppdatert kl: 09:50

 
 

- Kjempekjekt på aktivitetsdag

Puls:

Simen Bolset valde klatreveggen. Les heile saka

Oppdatert kl: 12:39

 
 

Vil gje Valle makta i vegsaka

Regionrådet Nordhordland IKS. Les heile saka

Oppdatert: 09:45

 
 

Bilbrannar truleg påsett

Fleire brannar i same området siste året. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 
 

For fort gjennom Knarvik

No vil politikarane ha farten senka. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 

6,5 mål til barnehagen

Plan- og miljøutvalet har bestemt seg. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 
 

Tok strupetak på jente

21-åring kjørt i arresten. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 

Innbrot i einebustad

Stal pengar og alkohol. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 

Regionrådet krev ubåtheving

Ikkje fornøgd med tildekkingsforslaget. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 

Toppseriespelarar trenar ENK

Larsen og Haveland inn i trenarteamet. Les heile saka

Publisert: 18.11.2008

 
 

Avisa Nordhordland

Postboks B
5902 Isdalstø



Tlf 56355555, telefaks: 56355556

Webansvarlig: Endre Hopland

Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo


Powered by: Escenic Content Engine

Powered by: Escenic Content Engine - Utviklet av: A-pressen Interaktiv